Skip to content

Categories:

Noko merkeleg eg såg

De vil sikkert ikkje tru meg, eller tru at eg er gal, men det er i alle fall sant. Eg veit ikkje om det er eit symptom på ei psykisk liding eller om det er meir i verda enn eg trudde. Here goes anyway:

På trikken ned frå Storo, på veg ut frå haldeplassen Grefsenveien, såg eg ut gjennom vindauget. Ei jente stod på fortauet. Det var ikkje så mykje spesielt med henne, ho hadde mørkt hår og raud kåpe.

Eg såg framover i trikken igjen, men av ein eller annan grunn snudde eg meg tilbake for å sjå på jenta med den raude kåpa igjen. Ho var ikkje der. Det var ingen stad ho kunne ha gått på den korte tida.

Kanskje ho var ein hallusinasjon, men eg ser jo ikkje til vanleg hallusinasjonar.

Posted in Uncategorized. Tagged with , .

0 Responses

Stay in touch with the conversation, subscribe to the RSS feed for comments on this post.

Some HTML is OK

(required)

(required, but never shared)

or, reply to this post via trackback.

Powered by WP Hashcash