Skip to content

Categories:

Eit mirakel

Dag 21, 27. april 2010

Eit mirakel. Det er verkeleg det.

Eg trur ikkje Martan sov noko i natt. Nikolsina og eg låg i putereiret midt på stovegolvet. Eg vil ikkje gå inn på nokre av dei andre romma, eg vil ikkje sjå kor mykje som var øydelagt. Eg har sett nok.

Medan me sov har Martan arbeidd. Han har funne delane av tidsmaskina som framleis funkar, og det er ganske mange. Det som er best, seier han, er at delane som måtte vera heilt riktig innstilt ikkje er rørde, og at dei delane som er sjeldnast framleis er heile.

Det tyder éin ting: håp.

Han seier han ikkje vil garantera noko. Han seier han ikkje veit om det vil funka. Han seier han ikkje veit om maskina vil få nok straum. Han seier han ikkje er sikker på om kalibreringane er heilt rette.

Føkk det, seier eg.

Eg vil heim, seier eg.

Tre veker, seier eg.

Men eg vil vera snill og takksam, så eg spør om det er noko eg kan hjelpa han med.

Det er ikkje det.

Så eg har sete her og sett på heile dagen. Nikolsina har prøvd å prata med meg. Eg berre ser på Martan arbeida. Han sit på golvet med beina i kross og fiklar med små delar av underlege stoff, i underlege fargar.

Etter kvart innsåg eg at Nikolsina verkeleg trong å seia noko.

“Kva er det?” sa eg.

“Du veit,” sa ho, “det er ikkje så mykje for meg her lenger.”

Det var sant. Ho hadde gitt opp alt for å vera med og redda Martan.

“Dei veit at me braut oss inn. Ja, me freista skjula spora våre, men eg har ingen illusjonar. Det er ikkje truleg at me klarte det så godt som me burde.”

“Nei,” sa eg, “nei, dei veit nok at du var med,” sa eg.

Ho såg på meg.

“Eg kan ikkje bu her. Kan eg vera med deg?”

Eg skjønte kva ho hinta til nett som ho sa det. Først raudna eg. Så tenkte eg, sjølvsagt! Så tenkte eg at problema mine her ville vera hennar der. Ingen papir, ingen pengar, ingen stad å bu. Så tenkte eg at der vil ho i alle fall ikkje vera i livsfare.

“Sjølvsagt,” sa eg. “Og Martan òg, eg vil ikkje at noko skal skje med deg her.”

“Nei,” sa Martan. “Dette er heimen min. Eg drar ingen stad.”

“Men vil dei ikkje berre fengsla deg igjen? Vil du det?”

“Nei, men eg trur ikkje dei vil det. Eg trur heller at dei vil seia at dei lèt som om dei slapp meg fri, for å ikkje virka inkompetente. Så lenge ikkje eg seier noko om det, går det nok bra. Kva trur du, Nikolsina? Du har vel høyrd om nokre tilfelle?”

“Eg trur det same som deg. Eg trur du må vera varsam og forsiktig. Dei kjem ikkje til å nøla om dei får ein annan sjanse. Men ja, eg trur det skal gå bra. Om du verkeleg vil.”

“Eg vil.”

“Ok,” sa eg. “Men hugs at du er velkomen.”

Eg må innrømma at eg var letta. Eg vonar ikkje Nikolsina kjem til å lesa dette, det hadde vore flaut og ekkelt, men eg trur éin ekstra person er vanskeleg nok.

Men eg skal heim! Eg skal faktisk, verkeleg, endeleg heim.

Eg gler meg sånn.

Posted in Uncategorized. Tagged with , , , .

0 Responses

Stay in touch with the conversation, subscribe to the RSS feed for comments on this post.

Some HTML is OK

(required)

(required, but never shared)

or, reply to this post via trackback.

Powered by WP Hashcash