Skip to content

Categories:

Eit spørsmål om språk

Dag 20, 26. april 2010

Me er framleis i leilegheita til Martan. Eg veit ikkje kvifor, eigentleg, dette burde jo vera den første staden dei leitar etter oss.

“Me” er forresten Martan, Nikolsina og meg.

Leonid og Sofia drog ganske seint i går. Dei sa ikkje kvar dei skulle. Det er kanskje tryggare sånn.

Så me har hive alt ut til kantane på rommet, og tatt putar som me sit på i midten. Eg trur me ignorerer maskina så langt.

No hadde eg tid til å spørje om noko eg har lura på lenge.

“Martan, kvifor snakkar me omtrent likt?Burde ikkje språket ha utvikla seg på over tre hundre år?”

“Hmm,” sa han.

“Du snakkar litt annleis,” sa Nikolsina.

“Men ikkje så veldig,” sa eg.

“La meg tenkja,” sa Martan. Me gav han nokre minutt. “I møtet med det globale, du kjenner det, det er omtrent di tid, uansett, styresmaktene fann etter kvart ut at ein måtte bevara det norske. Strenge lover kom mot engelsk i Noreg. Og språket vart normert strengt.”

“Å. Me snakkar om normering heime. Nynorsk skal snart normerast. Dei har sett ned ei nemnd.”

“Siste gongen nynorsk vart normert var i 2158.”

“De kallar det framleis nynorsk og bokmål, altså?”

“Ja,” sa Nikolsina. “Men det er ingen som nyttar bokmål lenger.”

“Kvifor?” sa eg.

“Vel, dei gjorde ikkje ein god jobb med det. Først vart det nesten til dansk, så la dei til masse ord frå andre språk. Dei ville at folk skulle skriva bokmål i staden for engelsk, og då tenkte dei vel at dei måtte ha like mange ord.”

“Men båe språka er framleis offisielle. Så alle lovene er omsett,” sa Martan.

Interessant.

Posted in Uncategorized. Tagged with , , , .

0 Responses

Stay in touch with the conversation, subscribe to the RSS feed for comments on this post.

Some HTML is OK

(required)

(required, but never shared)

or, reply to this post via trackback.

Powered by WP Hashcash