Skip to content

Categories:

Oslo, atter Oslo

Dag 19, 25. april 2010

Det å koma til Oslo kjendest som å koma heim. Det er rart, eg har aldri tenkt på framtidsoslo som noko anna enn ein stad eg vil heim frå. Men no er eg altså heime, i Oslo.

Martan og eg har endeleg fått sjå leilegheita hans.

Dei har rydda litt, eg kan sjå det. Knuste ting ligg i ein haug. Heile, eller nesten heile, ting er sat pent opp, men ikkje der dei pla. For, nokre av borda ligg i haugen med knuste ting.

Og så såg me tidsmaskina. Eg trur ingen har rørt den i det heile. Eg kan ikkje sjå at nokon kan reparera den. Eg kan ikkje sjå at nokon kan læra noko frå den, om korleis ein skal laga ei ny.

Eg starta å gråta. Eg kjem aldri heim no. Eg har ikkje gråte på mange, mange år. Eg mista all kontroll, eg sklei ned og sat på golvet. Eg freista slutta. Det gikk ikkje. Alt håp var akkurat like knust som maskina sjølv.

Eg kjem aldri til å koma meg heim til Mamma, til Kristoffer, til Eskil og håret hans. Og leilegheita mi på Grünerløkka kjem dei til å leiga ut til nokon annan, som ikkje veit at Nikolsina har sove på golvet der. Ikkje veit kor mange eg har laga vaflar til og trengt saman. Dei kjem ikkje til å vita kor godt det er å ha Eskil berre ei trapp ned, korleis me har laga odar til sjokoladelukta.

Og kva kjem dei til å tru, når eg forsvinn sånn utan spor? Har dei meld meg sakna enno? Vil dei gjera det? Vil dei tru at eg har dratt, eller at nokon tok meg?

Posted in Uncategorized. Tagged with , , , , .

0 Responses

Stay in touch with the conversation, subscribe to the RSS feed for comments on this post.

Some HTML is OK

(required)

(required, but never shared)

or, reply to this post via trackback.

Powered by WP Hashcash