Skip to content

Categories:

Tilbakevegen II

Dag 18, 24. april 2010

Stemninga i gruppa er trykka, amper. Nikolsina snakkar ikkje med Sofia. Ho vil ikkje seia kvifor. Martan seier nesten ingenting, han er sliten. Eg lurar på kva dei gjorde med han, han er ikkje så gammal at det skulle gi eit utslag. Leonid og Sofia pratar mest berre med einannan.

Eg veit ikkje kva eg skal seia, så eg seier ikkje så mykje.

I kveld igjen har me gjort opp bål ute i audelandet. Eg veit ikkje kvar me er, eg veit ikkje kor langt det er igjen.

Eg veit ikkje kva me skal gjera når me kjem til Oslo. Skal alle saman bu i den vesle hytta? Den er ikkje så stor, sjølv til hytte å vere. Og desse menneska vil ikkje halda ut stort meir med kvarandre.

Det er stort sett Nikolsina og Sofia som er problemet, og Leonid stør alltid opp om Sofia. Martan er meir fredsam.

Me går mest. Pratar ikkje så mykje. Men det hadde jo vore fint å kunna prata om noko når me først sit.

Posted in Uncategorized. Tagged with , , , , .

0 Responses

Stay in touch with the conversation, subscribe to the RSS feed for comments on this post.

Some HTML is OK

(required)

(required, but never shared)

or, reply to this post via trackback.

Powered by WP Hashcash