Skip to content

Categories:

Tilbakevegen

Dag 17, 23. april 2010

Eg veit ikkje kva som ville gjort meg meir nervøs – å vita at nokon følgjer etter oss, eller å ikkje vita.

Me veit ikkje. For meg er det frykteleg, det er fælt. Nikolsina er overtydd om at nokon er rett bak oss. Leonid og Sofia er rolege. Martan seier ingenting. Eg skulle nesten ønskja at nokon var etter oss, då ville eg visst at alt var som det skulle.

No verkar alt for lett.

Og det gjer meg redd. Det er som om dei ville at me skulle røma, frå me fann Martan. Ikkje før. Før det var det vanskeleg.

Så eg lurar igjen på kva det er med Leonid og Sofia. Først ein kjellar i Oslo, så ein kjellar med ei altfor enkel dør her. Og ting som er altfor lette.

Eg trur ikkje me er halvveges til Oslo enno. Eg trur me går saktare. Me er fleire, og Martan er medtatt. Og me må spara på maten, det er ikkje nok til fem.

Eg vil heim til leilegheita mi på Grünerløkka. Der eg har straum eg kan nytta så mykje eg vil av, der maten smaker – i det heile – og der eg kjenner meg trygg.

Eg vil heim til Mamma.

Posted in Uncategorized. Tagged with , , , , , .

0 Responses

Stay in touch with the conversation, subscribe to the RSS feed for comments on this post.

Some HTML is OK

(required)

(required, but never shared)

or, reply to this post via trackback.

Powered by WP Hashcash