Skip to content

Categories:

Forsøk #2

Dag 16, 22. april 2010

Me sat i evigheiter i cella til Martan. Det var fire senger der, til fem av oss, så ganske trangt. Eg tok ei toppkøye og sov litt.

Eg vakna igjen, og Nikolsina krangla med Leonid og Sofia. Eg fikk ikkje med meg kva dei sa, men dei var openbert hissige. Dei såg at eg var med dei, og teia.

Martan, stakkars, såg ikkje ut til å ha lukka eit augelokk.

“Får du kvilt noko, Martan,” sa eg, gjennom det pinlege. “Du ser sliten ut, og om me vil ut må me ha all den styrken me kan.”

“Tja,” sa han.

“Eg skal passa på at dei ikkje bråkar, så skal du få sove.”

Og så skulte eg på dei tre. Og dei sa ingenting. Og Martan fikk sova.

Eg er så sliten. Alt eg vil er å sova. Men eg kan ikkje det, for eg må passa på så mykje rart.

Me fikk ikkje mat, ikkje vatn eingong. Eg var bekymra for Martan, han var utsliten, og trong det verkeleg. Ikkje at me andre ikkje gjorde det, men han kanskje mest.

Eg kan ha duppa av litt, men ryggen mot den kalde veggen. Det var stille i cella.

Så vart døra opna.

Eg såg ikkje kven som var der, eg berre skvatt ut, eg veit ikkje kvifor, eg veit ikkje korleis. Sikringsfolka var der, dei installerte det nye systemet. Irisskannarar.

På eit eller anna vis såg han meg ikkje. Det heile er veldig mystisk for meg, men eg er takksam eg, eg vil heim, eg vil at Martan skal leva trygt.

Eit hakk lenger ned såg eg skjermen blinka. Den ba meg om å flytta auget inntil lesaren. Eg gjorde det. “Din iris er registrert. Skriv inn din kode.” Fint, tenkte eg. Eg skreiv 1234. “Takk.”

Så gøymde eg meg.

Sikringsmannen gikk, han hadde visst ikkje merka noko. Han høyrde sikkert på musikk, sånn heavy rock eller noko. Då får ein ikkje med seg så mykje.

Når alt var stille igjen opna eg celledøra med irisskannar og kode.

“Chop chop,” sa eg. Eg syntest dei var treige.

Me var altfor mange. Fem menneske kan ikkje røra seg stille. Eg hadde hjartet i halsen, eg kunne ikkje tenkja, men me kom oss ut. Nikolsina sprang først ut av hovuddøra, me venta litt, og sprang etter. Ut porten, over bakken, i skjul.

Og me er trygge, ser det ut til. Eg kan ikkje tru det, det er som om dei plutseleg fikk frå å vera best i verda til grøne amatørar.

Me må gå veldig snart. Dette er ein kvilestopp. Nikolsina søv, Martan er heilt slått ut, Leonid og Sofia sit litt for seg sjølve og gjer eg veit ikkje kva, dei ser veldig seriøse ut. Eg skriv dagbok. Veit ikkje når eg får gjort det igjen.

Posted in Uncategorized. Tagged with , , , , , .

0 Responses

Stay in touch with the conversation, subscribe to the RSS feed for comments on this post.

Some HTML is OK

(required)

(required, but never shared)

or, reply to this post via trackback.

Powered by WP Hashcash