Skip to content

Categories:

Leonid og Sofia

Dag 15, 21. april 2010

Eg trur dette er dag 15.

Sist eg skreiv venta eg på at Nikolsina skulle bryta ut Martan. Eg kunne høyra lågmælt banning.

Det høyrdest ikkje ut som om ho fikk det til.

Så, etter ein lang stund: “Me må ut! Fort!” Nikolsina støtta Martan, som såg ganske svak ut i knea, dei stavra seg veg mot meg og trappa. “Det er ingen måte eg ikkje sprang alarmane no. Gå i forvegen!”

Eg sprang ned trappa, kikka forsiktig rundt hjørnet. “Kysten er klar!”

Det var ingen måte Martan kunne springa, eller røra seg fort, i det heile. Han støtta seg framleis på Nikolsina, tok forsiktige, stavrande skritt.

“Vent litt,” sa eg, “hugsar du?” Eg hugsa at ei vakt hadde nemnt noko om noko folk i kjellaren. “Eg kjem straks!”

Eg sprang ned den smale trappa. Kjellaren var mørk, som om dei nytta gamle, gamle glødelampar. Lyset blunka òg, som gamle lysstoffrøyr.

Dør 1. Av tre. “Hanne!” sa Leonid.

“Leonid!” sa eg. “Trekk tilbake!”

Eg sparka inn døra. Det gjorde skikkeleg vondt i beinet.

“Kom igjen,” sa eg. Dei berre stod der.

Me sprang opp trappa, der stod Nikolsina og Martan. Eg tenkte, kvifor går dei ikkje, om me har så dårleg tid? På toppen av trappa såg eg grunnen.

Ei vakt.

Med uniform og, ikkje maskingevær, men noko liknande. I alle fall i storleik.

Ikkje lenge etter var me tilbake i cella til Martan, alle fem.

Posted in Uncategorized. Tagged with , , , , .

0 Responses

Stay in touch with the conversation, subscribe to the RSS feed for comments on this post.

Some HTML is OK

(required)

(required, but never shared)

or, reply to this post via trackback.

Powered by WP Hashcash