Skip to content

Categories:

Martan

Dag 14, 20. april 2010

Seint, seint om natta sneik vi oss ut frå under skrivebordet. Lyset var svakt i korridoren, lydane me laga gav gjenklang i veggane.

Gangen i andre etasje er brei, i alle fall fem meter.

Me tok kvar vår side, eg venstre og ho høgre. Dørene hadde lukar med hekter på utsida. Forsiktig og stille opna me og sjekka cellene.

Eg måtte berre leite gjennom fire celler før eg kom til Martans. I dei var det ein mann i tredveåra, og ein kvinne. Ikkje mange, altså.

“Martan!” sa eg. “Du må vakne!”

Han såg frykteleg ut. Sliten, med gusten hud og med store posar under auga. Han hadde på seg dei same kleda som han hadde då han vart tatt, dei var skitne og øydelagde nokre plassar.

“Nikolsina,” sa eg. Eg tenkte ho skulle få sjansen til å prata med han. Det er ho som har planane.

“Å, eg er så glad for å se deg!” sa ho.

Han kom bort til døra og strakk ei hand gjennom den vesle glugga, og strauk kinnet hennar.

“Eg har venta på deg. Og på deg, Hanne.”

Ein skjerm hang på veggen ved sida av cella hans. “Kan du hacka denne?” sa eg til Nikolsina.

“Veit ikkje,” sa ho. “Dei bør ha endra passorda og oppgradert systemet sia sist.”

“Å,” sa eg.

“Kan du sjekka resten og sjå om Leonid og Sofia er her?”

Eg gjorde det. Dei var ikkje det.

Tilbake ved cella, Martan: “Dei skal innstallera irisskannarar i morgon. Og tryggingsfyren kjem.”

Nikolsina: “Det er ikkje bra. Då har me dårleg tid.”

Eg held vakt. Nikolsina er bekymra. Eg er òg bekymra. Eg veit ikkje meg Martan.

Posted in Uncategorized. Tagged with , , , .

0 Responses

Stay in touch with the conversation, subscribe to the RSS feed for comments on this post.

Some HTML is OK

(required)

(required, but never shared)

or, reply to this post via trackback.

Powered by WP Hashcash