Skip to content

Categories:

Fin

Tittelen er fransk, som ein ser på slutten av gamle filmar. Det tyder noko sånt som “The end” eller “Slutt”.

Den tyder ikkje “pen”, eller noko sånt.

Sjølv om nokre ting er det.

Nokre ting er fine. Eg er heime, Eskil er heime, me er trygge, alle tre. Det er fint å sjå grønt gress og grøne tre. Det er fint å lukta sjokoladelukta frå Freisa. Det er fint å ta trikken. Det er fint å ha musikk.

Det er ikkje så fint å ikkje vita kva som har skjedd – kva som kjem til å skje – i 2365. Korleis går det Martan når ikkje Nikolsina er der? Korleis taklar han ryktet, heldt han talen sin? Korleis påverkar eksplosjonen politikken? Det får eg, vonaleg, aldri vita.

Eg seier vonaleg med ein tanke bak. Det ville tydd at eg kom tilbake dit, då.

Det vil eg ikkje.

Eg har det fint her.

Eg skal ta eksamen om berre nokre få dagar i HIS1300, Nyare verdshistorie. Eg gler meg ikkje. Eg gikk glipp av den andre eksamenen. Det er dumt, det faget må eg ta opp igjen.

Men eg skal slutta å blogga. Eg lovar. Dette vert den siste posten, og så får internett sjå kva dei vil i ettertid.

Sist gong eg sa eg skulle slutta greidde eg det ikkje, og eg enda opp i framtida igjen. Kanskje det ikkje faktisk har ein samanheng, men kven veit. Eg vil ikkje ta sjansen.

Så, 123 innlegg etter starten, 134 dagar sia, den 16. januar, sluttar eg. Eg har skrive kring 35,000 ord. Coraline av Neil Gaiman er kring 30,000 ord, seier han på bloggen sin.

Eg har skrive noko som er lengre enn ei bok. Tenk på det.

Og så mykje som har skjedd på berre eitt semester. Eg har lært ting om verda, om historia, om meg sjølv.

Eg trur det viktigaste er det eg lærte om meg sjølv.

Kanskje eg skriv blogg igjen. Ein gong i framtida. Kanskje eg får ei rar samling som eg vil visa fram.

Hald utkikk etter meg.

Posted in Uncategorized. Tagged with , , , , .

Heime igjen

Me har ein del av dei same problema som sist, då eg kom heim. Eg har funne ut at Kristoffer har sagt at eg er hjå han, og Eskil òg, då han fann ut at han òg var borte. Det er bra, sjølv om det er litt skummelt, tenk om me hadde vore kidnappa på ordentleg.

Men det tyder at Mamma berre er sur, og me er ikkje i avisa.

Heile natta har Nikolsina trykka på dingsen, ho kjem ikkje heim.

Me kom heim 16 dagar etter at me drog. Eskil har visst heldt styr på tida på sin eigen måte. Eg skreiv dagbok, han skrudde kvar dag på innstillingane.

Nikolsina likar ikkje å vera i vår posisjon – i feil tid, kan ikkje koma heim. Ho gav oss ikkje mykje sympati då, og eg er frista til å gjera det same mot henne no som ho syt. Men eg gjer det ikkje, eg veit kor fælt det er.

Ho er god med datamaskiner. Eg har lånt henne mac-en min, og ho skjønte alt saman, internett og alt, på null komma svisj. Eg trur ho kan gjera noko med det.

Me var redde for politiet i 2365, me hadde ikkkje papir. Det har ikkje Nikolsina no. Eg veit ikkje kva me skal gjera med det, ho må få noko, det bør vera mogleg. Kanskje ho kan søkja asyl…

Eskil sov heime hjå seg, men elles har han vore med meg. Det er rart, me har vore saman alle tre så mykje, så lenge, ein skulle tru me ville vera kvar for oss, få litt fred. Men det vil me ikkje. Me sluttar ikkje å snakka om alt som har skjedd, ting me har opplevd saman.

Det er ein fin dag. Likevel sit me tett saman og et vaflar.

Posted in Uncategorized. Tagged with , , .

Ein eksplosjon i rom og tid

Dag 15, 28. mai 2010

Martan ville seia klart frå til alle kor usanne rykta er. Var. Han ville halda ein tale for alle, han ville spreia ordet og bodskapen til så mange som mogleg.

Eg veit ikkje heilt korleis han tenkte å gjera det. Dei har ikkje noko torg her, dei samlast ikkje, eg har ikkje ein gong sett noko nyhendeteneste.

Men Martan kjem til å få det til, han kjem til å få til noko. Han har prøvd ut delar av talen på meg, den er fantastisk og inspirerande.

Om han får nytta den på nokon kjem den til å funka.

Nikolsina har vore veldig stille i heile dag. No er ho vekke. I går kveld var ho høglytt stormande rasande. Ho skjelte meg ut, og Eskil, og Martan. Ho kalte Sofia og Leonid stygge ting.

Sist eg såg henne var ho stille bestemd. Ho hadde ein plan, eller jobba på ein. Eg trur ho hadde bestemd seg for noko, men ikkje hadde funne ut korleis ho skulle gjera det.

Det var Eskil som greidde å knyta saman trådane.

“Ho skal sprenga noko, sjølvsagt,” sa han.

“Kva!” sa eg, mest i sjokk.

“Høyrde du henne ikkje i går? Ho sa det ganske klart.” Eskil var heilt roleg, eg byrja å gå rundt rommet.

“Jo, men ho har sagt det før, ho har ikkje gjort det.”

“Nei, men ho har ikkje vore like sint før heller.”

“Veit du kva eg trur?” sa eg.

“Nei?” sa han.

“Eg trur det er Sofia som skal verta den nye sjefen.”

“Det er sannheit i botn av dei beste løgnene,” sa han. “Eg trur det, eg òg.”

“Trur du ho kjem til å gjera det?” sa eg.

“Kven? Sofia eller Nikolsina?”

“Sofia. Trur du ho kjem til å sprenga noko? I lufta?”

“Ja,” sa han.

“Då må me stoppa henne.”

Problemet er: korleis?

Seinare same dag

Me klødde oss i hovuda for å finna ein måte å finna ut kor Nikolsina skulle.

Så tenkte me oss om, og spurde Martan.

“Hovudkvarteret til det hemmelege politiet, sjølvsagt,” sa han.

“Sjølvsagt,” sa eg.

“Sjølvsagt?” sa Eskil.

“Men kvar er det?” sa eg.

Og Martan forklarte. Det var ganske langt frå oss. Det var ganske lenge sia me hadde sett henne, me visste ikkje når ho hadde gått, kor lenge ho hadde heldt på.

Me sprang.

Me vona me ikkje sprang inn i nokon. Igjen. Det hadde vore uheldig.

Det var blitt ganske seint. Det var ikkje så mange menneske i bygningen, såg me. Me sprang inn.

Bygningen var ikkje som andre bygg. Den var ein labyrint. Me sprang rundt i den.

På veggane var det festa ein liten hær med små metalldingsar. Dei skein ikkje med eit raudt lys i midten. Dei laga ikkje ein myk blippelyd med jamne mellomrom.

Eskil plukka opp ein. Den laga ein svak tikkelyd. Han freista skru på den, sjå innmaten. Det gikk ikkje. Kan sette den ned på golvet.

Me sprang vidare, me var sikre på at noko kom til å skje, snart.

Til slutt fann me Nikolsina. Ho heldt på ein skjerm, eit panel av noko slag, ho virka opptatt, ho måtte rekke noko.

“Å nei!” sa ho, ho såg oss.

Ho trykka på ein knapp.

Heile verda vart til ei trykkbølgje. Eg merka berre trykkbølgja til trykkbølgja. Ut av augnekroken kunne eg sjå eksplosjonen, den var ikkje ei eldkule, det var høgeksplosivar, mykje farlegare. Så merka eg ei hand som tok rundt armen min.

Så – tida mellom tid – så – me deisa saman bak den veggen på Forskningsparken. I Oslo. Min Oslo. 2010-Oslo.

“Å,” sa eg.

“Ja,” sa Eskil.

“Men,” sa Nikolsina.

Han viste oss fjernkontrolltidsdingsen i handa si. Hadde dette vore ein film skulle den vore svart av sot og heilt øydelagd. Den var heilt som vanleg.

Og så var me her igjen, på gode gamle Grünerløkka i vår gode gamle Oslo.

Nikolsina er ikkje like fornøgd.

Posted in Uncategorized. Tagged with , , , , , .

Slemme, slemme Sofia

Dag 14, 27. mai 2010

Me har endeleg fått høyra ryktet som Sofia sette ut.

Endeleg og endeleg, det er ikkje noko me har gledd oss til, men det er betre å vita.

Ein fyr, ein mann, som har vore her før fortalde oss. Han hadde kome i samtale med nokre av Sofias tilhengjarar, han lata som at han var på deira side.

Sofia, ryktet, seier at Nikolsina vert grooma til å verta ny sjef i det største energiselskapet. Det seier at Martan kjem til å få mykje pengar ut av det.

Om folk trur på det er det slutten for folkerørsla.

Nikolsina er rasande.

Martan er nedslått, men optimistisk.

Nikolsina snakkar om å sprenga noko igjen.

Martan skriv på ein tale.

Eg har veldig lite papir igjen. Eg skriv mellom notata mine no, heldigvis skriv eg ikkje så mykje på kvar line, og ganske smått òg.

Posted in Uncategorized. Tagged with , , , .

Carmalina og Gabriel

Dag 13, 26. mai 2010

I går skulle eg hatt eksamen. Det hadde eg heilt gløymd. Eg trur det er like greitt at eg ikkje hadde det, eg har jo ikkje fått lese noko pensum. Det er ikkje lett å vera ein tidsreisande student, ein går glipp av forelesingar.

I staden for å vera student er eg tidsflyktning.

Carmalina og Gabriel kom over i dag. Dei skal til Bergen for å driva folkerørsla og valkampen vidare. Bergen er nesten like stor som Oslo, tre millionar menneske bur der. Det er mange folk.

Eg har sakna Gabriel litt. Han var så snill sist gong eg var her, han laga mat til meg i den vesle hytta.

Me måtte åtvara dei. Om Sofia sette i gong noko fælt må dei vera klare.

Nikolsina og Martan snakka med dei om innhaldet i erklæringa si, om korleis dei skal nå folk, om korleis dei skal engasjera folk, om den nye verda.

“Om det høyrer noko,” sa eg, “må de ikkje tru det.”

“Noko?” sa Carmalina.

“Noko om kva?” sa Gabriel.

“Me har grunn til å tru,” sa eg, men så innsåg eg kor dust eg høyrde ut, “Sofia skal setja ut eit rykte om oss.”

“Sofia?” sa Carmalina.

“Kva rykte?” sa Gabriel.

“Eg veit ikkje,” sa eg, “eg veit ikkje.”

“OK,” sa Gabriel. Han smilte.

Så gikk dei. Dei skal sjå om dei får reisetillating, dei vil helst reise lovleg. Dei kan bu hjå ein slektning av han uansett, men det er litt lettare for dei om dei har papira i orden. Ikkje at det hjelper når dei vert tatt for å motarbeida styresmaktene.

Og var det berre meg, eller var det færre folk her i dag? Det har vore eit jamnt trykk heile tida før…

Posted in Uncategorized. Tagged with , , , , .

Valkampsproblem

Dag 12, 25. mai 2010

Utpå kvelden, når pulsen min var under 100, og nokon hadde sett på knokane til Eskil (min helt), fortalde eg Martan og Nikolsina og samtala me hadde høyrd. Eg åtvara dei om at me ikkje måtte ta det for god fisk, me veit ikkje kven mannen er. Dei var bekymra.

”Kva kan ho gjera?” sa eg.

”Mykje,” sa Nikolsina.

”Ho kan gjera lite, men likevel ha veldig stor effekt,” sa Martan. ”Nett som oss.”

”Eitt rykte er nok,” sa eg.

”Ja,” sa Martan.

”Men då må me gjera noko først!” sa Nikolsina.

”Kva då?” sa eg.

Ho sa ikkje noko.

I dag greidde eg ikkje å vera som vanleg med alle dei som kom. Sjølv om eg veit at dei som kjem til oss ikkje vil vera dei same som trur på kva rykte som Sofia spreier, er eg redd, og eg lurar på kva dei har høyrd, kva dei vil tru.

Eg freistar ha same energi og engasjement som vanleg. Det er vanskeleg.

Martan og Nikolsina er nesten ferdige med styringsdokumentet sitt. Eg har ikkje gjort så mykje med det dei siste dagane, dei to har fått den hjelpa dei treng av alle dei som kjem innom. Eg er ikkje herifrå, eg føler ikkje eg skal seia for mykje. Men eg har lese gjennom kvar dag, og det er bra.

Kvar landsdel skal velja fire utsendingar som skal skriva grunnlova. Det hadde vore veldig fint om dei fikk gjera det på Eidsvoll, men eg veit ikkje om det er noko på der i det heile no. Martan og Nikolsina skal avvikla det hemmelege politiet medan dei tenkjer og diskuterer og skriv. Dei har sett fristar. Valet – om folket vil ha det som det er eller ha demokrati – skal vera 20. juni. Første juli skal dei vera i regjeringsbygget. Femtande juli skal dei halde regionale val i Trøndelag, på Vestlandet, Sørlandet og Austlandet, i praksis i dei fire storbyane, det bur ikkje mange utanom dei. Tjuande juli skal representantane møtast og byrja arbeidet. Første august skal lova etter planen underskrivast. Om dei, representane, har planlagt for det skal ei ny interimregjering ta over fram til dei har parlamentsval og ei ny, lovleg regjering tar sete.

Dokumentet skildrar klart ansvaret til den første interimregjeringa, Martan og Nikolsina og andre dei peiker ut. Det synest eg er veldig bra.

Eg berre vonar folk forstår at det er dette dokumentet dei stemmer for, at Martan og Nikolsina berre skal administrera det heile.

Kanskje dei ikkje gjer det.

Kanskje det vert meir som eit personval. Kanskje det vert meir som amerikanske val.

Det hadde vore dumt.

Men eg trur det skal gå bra. Martan er så flink til å administrera, til å fiksa, og Nikolsina er så karismatisk og flink til å snakka for seg.

Dei er veldig ivrige, båe to.

Posted in Uncategorized. Tagged with , , , , .

Sofia

Dag 11, 24. mai 2010

Me er heime, trygge.

Eg og Eskil kosa oss sånn i går, ute, at me gjorde det igjen i dag. Det regna, det var grått, det lukta rart av regnet. Me ville ut likevel, me klarar oss godt resten av døgnet i den vesle leilegheita til Martan.

Me vandra i regnet. Me skilde oss ut frå dei andre, dei ville ikkje gått rundt i regnet og vorte våte, dei ville ikkje nytt det.

Eskil og eg ville hoppa i vanndammane, me ville springa rundt og le høgt.

Me tenkte at det var for risikabelt. Folk ville sjå oss.

Det var uansett ikkje eit triveleg regn, det var eit sånn regn som ein til vanleg berre vil ut av.

Men vått og klamt er betre enn trongt og klamt, tenkte eg.

Eg er glad Eskil er her med meg. Eg er glad i den fyren, eg.

Uansett, me runda eit hjørne og såg Sofia. Ho runda eit anna hjørne. Eg tok Eskil i ermet og drog han med meg etter henne. Kva gjorde ho her, og kva dreiv eigentleg ho og Leonid med?

Ho gikk ikkje langt, ikkje til der ho bur, ikkje til der Leonid bur. Ho møtte ein mann, ein eldre mann, dei gikk saman inn i ein bygning, den såg lik ut på utsida.

Eskil og eg venta ein stund, så følgde me etter. Bygningen var veldig annleis på innsida, den var rein, og pen, og lys. Marmor. Tre. Eg såg no at vindauga var sota frå utsida, så det såg like mørkt ut på innsida som alle dei andre bygga, men innanfor strøyma lyset inn.

Me såg at heisen akkurat då byrja å gå oppover. Eg visste ikkje kor dei skulle, men eg tok Eskil i armen, igjen, og gikk opp trappa. Bak ein mørk tredisk sat ei dame eg prøvde å arrogant ignorere, men kanskje ho visste at eg ikkje høyrde heime der. Så fort eg trudde at ho ikkje kunne høyre oss lenger starta eg å springa opp. Me måtte sjå kva for etasje dei gikk ut i. I andre etasje såg me at heisen var i tredje allereie. Me sprang vidare.

I åttande etasje stoppa me litt opp trappa til niande. Rundt hjørnet såg me heisdøra opna seg, Sofia og den ukjende mannen gikk ut. Dei gikk tvers over gangen til ei umerkt dør. Ikkje for det, dei aller fleste dørene i alle bygningane er umerkte.

Dei lukka døra. Me venta litt. Så lista me oss bort, lytta. Me kunne høyra røyster innanfor. Lågt, veldig lågt. Eskil tok ut noko metall av lomma, det var rundt og han mima at eg skulle halda den inntil veggen. Eg gjorde det. Røystene kom gjennom klarare no.

Eg innsåg at dette var ein filmklisjé, at eg ikkje kunne stola på kva eg høyrde. Det var sikkert broren hennar, og ho elska meg likevel. Nei, vent. Der gikk det feil. Men eg hadde eit poeng, eg kunne ikkje eigentleg tru på det, eg hadde ingen kontekst.

”… nokon veg?” sa mannen.

”Nei,” sa Sofia. ”Dei stoler ikkje på meg, på oss.” Nei, det var sant, dei var veldig mystiske og lite tillitvekkjande.

”Så kva gjer de?” sa han.

”Me går utanfrå. Veit du kva dei har sete i gang no?”

”Fortel meg.”

”Dei trur dei skal innføre demokrati.”

”Folkestyre?”

”Ja, med val og alt. Dei trur at ved å ikkje gjera noko openlyst vert dei ikkje sett.”

”Og de er på saka?”

”Ja,” sa ho.

”Og kva gjer de?”

”Vent og sjå,” sa Sofia. ”Det vert bra. Me skal snu folket mot dei.”

Eg ville ikkje høyra meir. Eg var redd dei snart skulle vera ferdige. Me gikk ned igjen, freista vera stille, sa ingenting.

Vel ute, forbi den skumle og surmulande resepsjonsdama, rundt eit hjørne, sa eg, stille: ”Å nei å nei å nei faen.”

”Ja,” sa Eskil.

”Kva skal me gjera no?”

”Me må gjera noko.”

”Ja,” sa eg.

”La oss gå heim.”

Og me gikk heimover. Eskil gikk målretta, i feil retning trudde eg, men han er betre enn meg på praktisk geografi.

Me sa ikkje noko.

Og så skjedde det. Det måtte skje. Og det skjedde i dag.¨

”Papir!”

Det var to spinkel-muskuløse menn, dei var umerkte på alle måtar, det er vel sånn dei er hemmeleg politi, dei viste oss identifikasjon, raskt. Eskil såg på meg. Eg såg på dei to mennene.

”La oss få sjå papira dykkar!” sa den eine av dei to mennene.

”Um,” sa eg, ”me har visst, um, gløymd dei heime.”

Han tok tak i handleddet mitt. Ein liten datadings, ein skanner må det ha vore, vart trykka mot huda. Den sa ingenting.

”Kvar har du chippen?” sa den hemmelege politimannen. ”På den andre armen?”

”Um, nei,” sa eg, men han trykka skanneren mot det handleddet likevel. Den hadde framleis ingen reaksjon.

Og krønsj! sa det, så ”Faen!”, det var Eskil som hadde pønsja han i ansiktet.

Den andre mannen skulle til å gripe Eskil, men eg sparka han i skrittet. Gå feministisk sjølvforsvar! Den første kom til igjen, han hadde ikkje falt som den andre, han greip armane mine. Eg tråkka han på foten samtidig som Eskil slo han i strupen.

Så beina me.

Og no er me heime igjen.

Eg vil ikkje gå ut på ein stund.

Posted in Uncategorized. Tagged with , , , , .

Makt og fri

Dag 10, 23. mai 2010

Kor interessant er det for verda kva me seier for å overtyda folk om demokrati? Sikkert ikkje så veldig.

Dei er alle ivrige. Dei ser kor mektige dei kan verta. Dei ser at dei kan få eit liv der dei kanskje ikkje kan gjera kva dei vil, men dei kan drøyma og klaga om dei vil.

Nikolsina og Martan sit i hjørnet med hovuda saman, eit tastatur mellom dei, dei tenkjer. Dei skriv.

Eg trur faktisk dette kan verta noko. Mange, mange folk veit at noko er i gjere. Eg er viss på at styresmaktene òg veit noko no. Kor lenge får me halda på?

Eskil og eg måtte berre ut av leilegheita i dag. Det er klaustrofobisk der, sjølv om det er nok rom. Me berre kunne ikkje vera den same staden i ti heile dagar.

Så me trassa alt, risiko og hemmeleg politi. Me gikk ut om formiddagen, dei seier det er minst risiko då. Det er ingen kafear her, det hadde vore fint å sitja ute i finvêret, kanskje det siste finvêret dette året, og drukke kaffi, men sånn får det vera. Eg trur ikkje dei har kaffi i det heile her, no, korleis klarer dei det?

Eskil og eg gikk rundt byen, ikkje at det er noko å sjå. Eskil er betre enn eg på geografi og han fann vegen tilbake til huset til Martan.

Me gikk oppover og oppover. Me såg utover Oslo, det nye Oslo, det er ikkje vakkert. Me prata. Om korleis Oslo var, Eskil lika det, eg gjorde det ikkje. Likevel er eg ivrigst på å koma tilbake til den Oslo. Me prata om korleis liva våre vil verta i 2365. Om me kjem gjennom med vala, med den nye verda, vil me ha ein sjanse. Me vil kunna få ein jobb, ein stad å bu. Tryggleik.

Om ikkje, då veit eg ikkje. Då må me dra ein annan plass. Me kan ta med oss Nikolsina og dra til Sverige.

Posted in Uncategorized. Tagged with , , , , .

Ei auke

Dag 9, 22. mai 2010

Me får fleire og fleire på besøk. Det er så døra nesten aldri står stille.

Eg er litt bekymra for Martan oppi det heile. Han sit berre i eit hjørne, skyt inn ein kommentar ein sjeldan gong. Men det er hans heim, det kan ikkje vera trygt for han. Eg får snakka med han om det.

Eskil ser òg ut til å varma opp til heile opplegget. Han har slutta å vera fascinert av tidsmaskina, eg har innsett at me ikkje kjem oss heim den vegen.

Planen vår er å setja opp eit val, mellom systemet som det er no, og ei interim-regjering leia av Martan og Nikolsina. Dei skal skriva ei erklæring før valet der dei skriv om prosessen dei skal leie for å få ei grunnlov og eit parlament. Dei skal skrive om korleis folk kan velja representantar for å skriva grunnlova, korleis dei sjølv kan vera med og verte valde, om dei vil det.

Så no, i staden for at me fortel folk som kjem inn kva dei skal meine og føle, får me dei til å fortelje oss korleis dei synest landet skal vera.

Og sånn skal det vera.

Eg har funne dei gamle grunnlovene til Noreg, USA, Frankrike… til og med EU-grunnlova, og til nokre av dei nye statane, så dei har noko å samanlikna med.

Martan og Nikolsina er litt skeptiske til å vera leiarar. Dei trur ikkje dei er gode nok. Dei har ikkje noko støtte, meiner dei.

Men dei er det beste me har.

Dei er det einaste me har.

Posted in Uncategorized. Tagged with , , , , .

Tal

Dag 8, 21. mai 2010

I går hadde me éin over. Lat oss seia at han snakkar med og overtyder éin annan person kvar dag. Lat oss seie at dei snakkar med og overtyder éin kvar dag òg. Dette vert komplisert, eg må sjå om eg hugsar nok matte til å få dette til.

Om eg har rekna riktig får me på den måten nådd ut til over 8000 menneske på to veker.

1 1
2 2
3 4
4 8
5 16
6 32
7 64
8 128
9 256
10 512
11 1024
12 2048
13 4096
14 8192
15 16384
16 32768
17 65536
18 131072
19 262144
20 524288
21 1048576

Som de ser er det i den tredje veka det vert interessant. Og nyttig.

Men i dag hadde me tre menneske over. Då hoppar me litt fram i tid på lista her, eg skal ikkje byrja med nok matte til å finna ut korleis det vert. Det einaste eg veit er at me må snakka med mange, heile tida, og dei må snakka vidare.

Det er folkerørsla.

Eit problem eg nett no har tenkt på er at me bør ha ein kandidat. Ja, folket skal velja, så dei bør ha NOKON å velja.

Dette må eg tenkja på.

Posted in Uncategorized. Tagged with , , , .